Nyheter
Grøvuhelg 21.-23. juli 2017

Grøvuhelga arrangeres tradisjonen tru også i år, nærare bestemt 21. - 23. juli 2016. Alle arrangement er gratis, og alle er velkomne!


Program:
- Laurdag blir det sal av kaffe, vaflar og pølser på setra frå klokka 12. 
- Klokka 14 blir det konsert på setervollen. Erkki Morten Klami er ein romsdalsk trubadur som spelar og syng nyare norske viser. Vi gler oss! 
- Omtrent klokka 15 skal vi prøve å servere første runde med rømmegraut denne dagen, for besøkande som berre er på dagstur. 
- Rundt klokka 20 (etter fjøstid) slår vi på stortromma og serverer rømmegraut rett frå ostegryta. Han serverast sjølvsagt med spekemat og saft attåt. 
- Etter maten blir bålet tent, og det blir musikk og dans på setervollen inn i dei seine nattetimar.
- Det er sjølvagt muleg å kjøpe deilige seterprodukt heile helga. 

Nytt av året er at vi skal prøve å få til ein runde med rømmegrautsal også på dagtid, for dei som ikkje har tenkt til å få med seg opplegget på kveld. Men vi vil understreke at vi helst vil at folk skal overnatte og få med seg serveringa på kvelden, det er då vi slår på stortromma og ordnar i stand til fest! ????????

Dersom interessa er stor er det muleg å arrangere ein guida tur lenger inn i dalen på søndag. Her finst både jettegryter og ein spanande flora!

Vi gler oss! Ta med deg heile familien og kom, dette arrangementet passar for både store og små. Vel møtt!

PS. Sjekk gjerne ut 'eventen' vår på Facebook: https://www.facebook.com/events/144454029393560/

2017-01-29 21:39:57-Eli Bæverfjord Rye

< Tilbake

Nyheter

Kjære vener! Det er folk å finne på setra frå laurdag 1. juli, medan kyrne tek turen til fjells på måndag 3. juli. Vi gler oss veldig til ny setersesong! Velkomen!

2017-06-28 20:58:57-Eli Bæverfjord Rye

Grøvuhelga arrangeres tradisjonen tru også i år, nærare bestemt 21. - 23. juli 2016. Alle arrangement er gratis, og alle er velkomne!

2017-01-29 21:39:57-Eli Bæverfjord Rye

Inner Gammelsetra har ei støtteforeining kalla Grøvudalslaget, som til dømes arrangerer den årlege Grøvuhelga og veddugnadar vår og høst, og elles stør opp om drifta på alle mulege måtar.

2016-08-03 09:15:31-Eli Bæverfjord Rye

Kontakter

SETERTELEFON

Tlf. 45420140 

KONTAKTPERSONER

Oda Svisdal
Tlf. 917 57 376

Eli Bæverfjord Rye
Tlf. 952 36 889

Facebook
Inner gammelsetra 

Epost
post@innergammelsetra.no

Kart
Link til gulesider.no

AtiCon Data DA