Inner gammelsetra
Inner gammelsetra

Inner Gammelsetra er ei seter drevet av ungdom der vi driv under slagordet "Gamle tradisjonar i unge hender". Setra vår ligg på nordmøre i vakre Grøvudalen og er ope for besøk heile sesongen.


Folk og fe på setra 

Vi har med oss omlag 8 kyr til seters kvar somar.  Dei er trivelege damer av rasen NRF (vanleg mjølkeku). I 2026 får vi og med 2 Sidet Trønderfe og en Brown Sviss mix på setra. På dagtid beitar dei fritt i dalen på gode fjellbeitar, og morgon og kveld mjølkast dei på setra. Desse trivlege damene produserar mellom 120 og 180 L mjølk i døgnet. Mjølka som er særs god i og med at ho er produsert på fjellbeite, og ho blir til gode stølsprodukt som blir laga på tradisjonelt vis på setra. 

"Vi" som mjølkar kyrne og produserar produkta er omlag 15 ungdommar mellom 14 og 30 år som jobbar turnus i løpet av sommaren. Det er ca. 4 stk. som jobbar samtidig på setra. Vi elskar å bruke sommaren som Budeie/Budør på setra! Og synes det er kjekt å være med å ta vare på kulturen, kunnskapen og kulturlandskapet som er knytt til seterdrifta. 


Fullforedlingsseter 

Inner Gammelsetra er ei fullforedlingsseter, dette innebær at all mjølka blir foredla på setra før seterprodukt bli frakta ned frå fjellet. Det blir foredla omlag 110 L mjølk kvar dag. Brunost, gubbost, rømme, smør, og prim er blandt produkta som blir produsert.

Å ta vare på tradisjonshåndtverket er noko vi synast er viktig. Brunost og gubbost blir koka på den vedfyrte jerngryta vår.

Å utnytte ressursane på plassen er på mange måtar ein av grunnpilarane i seterdrifta. Ved å utnytte beite og vedskog kan vi ta vare på både tradisonelle metodar for foredling og kulturlandskapet. 

Setersessongen 2026

Datoer for oppflyttning kjem etter kvart! Du er hjartleg velkomen på besøk gjennom hele sesongen!
Vi serverer vaflar og rømmegrøt store delar av dagen, men kjem du i fjøs eller middagstid kan det hende du må vente litt <3  

Følg oss på sosiale media

Arrangement

Vårdugnad


Buferdsdag 

Følg kyra til seters!
Dato kommer


Seteropphold

Seteropphold

Seterkurs 2026

Vekeskurs 12 - 18. juli

Kortkurs 5 - 9. juli 

Påmeldinga er open!

Grøvuhelg 25. Juni


Buferdsdag 

Følg kyra hjem!

Dato kommer 


Høstdugnad